Samfunn og aktivitet.
Frivillig arbeid og høg dugnadsånd er noko som det finst mykje av i regionen vår. Som samfunnsaktør ønsker vi å støtte gode allmennyttige formål, eldsjeler og gode tiltak for å skape positiv utvikling i både by og bygd.
Vi nyttar størsteparten av sponsorbudsjettet vårt på idrett og kultur, fordi vi identifiserer oss med verdiane, konkurranseaspektet og gleda som både idretten og kulturen representerer.
Lag og foreninger
Felles kjerneverdiar og langsiktig samarbeid om tiltak for barn og ungdom, er spesielt viktig for oss.
Tiltaka vi sponsar skal ha regional forankring og vere av høg kvalitet. Vi er opptatt av å støtte breidde og arrangement som set tydelege spor i samfunnet vårt. Samtidig ønsker vi å støtte enkelte flaggskip og vere med å stimulere til nytenking, utvikling og god omdømebygging for regionen.
Arrangement
Gode prosjekt er med på å skape engasjement, aktivitet og utvikling, og gjer mindre plassar meir attraktive for både fastbuande og tilreisande. Vi står saman om å bære samfunnet vårt fram og støttar festivalar, messer, marknader, næringsdaga
Sommarjobb?
Enivest er i sterk positiv utvikling med aukande kundevekst og arbeidsmengde, og vi er stadig på jakt etter framoverlente personar som ønsker å vidare utvikle verksemda, men og seg sjølv.
Har vi ingen ledige stillingar, så kan du sende ein open søknad.